Måndag til laurdag: 11.00 – 22.00
Kjøkken til 21.00
Søndag: 11.30 – 19.00
Kjøkken til 18.30
I Kaffistova har vi servert tradisjonell norsk mat i meir enn 100 år. Då kafeen opna i 1901 var interiøret dekorert med handskorne møblar. Fleire av dei står i dag utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
I våre dagar er interiøret moderne skandinavisk design. Kafeen har plass til 140 gjester. Vi kan reservere om lag 100 av desse for lukka lunsj- eller middagsselskap.
Japanske, franske og amerikanske gjester er innom kvart år. Grunnen er nok at vår meny representerer eit stadig meir sjeldan høve til å smake tradisjonell norsk mat.
Les meir om oss
Les meir om vår historie
Hotell Bondeheimen i Oslo ønskjer deg og din konferanse velkommen!
Hotell Bondeheimen har 1 konferanserom med kapasitet på 12 personar. Vår sentrale plassering midt i Oslo sentrum med nærleik til alt av offentleg kommunikasjon gjer oss attraktive for møte eller konferanse i Oslo.
Vi serverer herleg, norsk mat i vår populære kafé og restaurant Kaffistova, enklare servering er også tilgjengeleg i møteromma om de ønskjer det.
Les meir om vårt konferanse tilbod