Gamalt bilete av Hotel Bondeheimen.
Old image of Hotel Bondeheimen.

Kulturhotellet og historia

Hotell Bondeheimen er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus, eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

www.bondeheimen.no

BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.

www.bul.no

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har tre dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, hotellovernatting og kafé. I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.

Dei andre selskapa i konsernet er:

Kaffistova er med sine 117 år ein av byens mest tradisjonsrike kaféar. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i rause porsjonar fram til kl. 21 kvar dag og er dessutan frukostrestaurant for hotellet.

Heimenhusfliden kan føre historia si tilbake til 1912 og er i dag ei handverks- og handelsbedrift med om lag 30 tilsette. Vi har produksjonsavdeling og butikk midt i Oslo sentrum, berre eitt kvartal frå Karl Johans gate. Kjøper du bunad hos Heimenhusfliden kan du vere trygg på at du får den beste kvaliteten som er å oppdrive.

www.heimenhusfliden.no

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.